Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Merovingartid
Vikingtid
Busetnaden
Jordbruket
Stølsdrift
Hus og gard
Reiskap og husgeråd
Handel og vikingferder
Teknisk utvikling
Gravskikkar
Båtgraver
Vikingkvinna
Kvite-krist
Småkongar og rikssamling
Vetar og vardar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Vikingkvinna
Funn tyder på at det var langt fleire menn enn kvinner som vart gravlagde med rike gravgåver i vikingtida. Nokre av funna frå Nordfjord tyder likevel på at enkelte kvinner hadde høg status og difor fekk meir prangande gravplassar og gravgåver enn det som var vanleg.

Samanlikna med europeiske kvinner hadde dei nordiske kvinnene i vikingtida høg status. Ho kunne arve sjølv om alle brødrene kom først i rekka. Når vikingkvinna gifta seg måtte brudgommen betale ei erstatning til familien hennar. Kvinna fekk likevel med seg ei god medgift som for alltid var hennar eigedom i ekteskapet. Vart det skilsmisse fekk familien tilbake denne medgifta.

I ekteskapet var innearbeid og gardsarbeid kvinna sitt ansvar. Ho kunne delta på ting og på religiøse festar. Dersom mannen hennar døde kunne ho drive garden vidare åleine. Ei kvinne hadde ingen rett til å vere utru. Dersom dette skjedde kunne mannen drepe både henne og elskaren. Mannen derimot kunne ha så mange friller som han ønskte.

I den religiøse kulten i vikingtida kunne kvinnene ha den religiøse funksjonen som gydje. Gydja opptrådde i samband med det rituelle blotet. Ho var berre knytt til sjølve kulten og hadde inga politisk eller juridisk mynde. Gydja hadde likevel høg status i samfunnet.

Volva var ofte ei eldre kvinne som reiste rundt på gardane. Ho kunne sjå alt som var skjult, både i fortid og i notid. Posisjonen hennar var avhengig av dei magiske og kultiske funksjonane ho hadde, men ho hadde likevel ikkje noko status i den offisielle religiøse sfæren. Den viktigaste reiskapen og kultsymbolet til Volva var volvestaven völvr.

På garden Hilde i Innvik er det funne eit merkeleg jernspyd i ei kvinnegrav. Dette spydet er tidlegare tolka som eit steikespyd. Kanskje er det ein volvestav? Dersom dette funnet kan tolkast slik er den gravlagde kvinna ein representant for ei gruppe kvinner som lenge har vore ukjente i det arkeologiske materialet.

Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkelogisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Gro Steinsland og P.M Sørensen, Menneske og makter i vikingenes verden, Kunnskapsforlaget 1994.
G. Adolfsson og I. Lundstrøm, Den stärka kvinnan. Frän volva til häxa. Museiarkeologi 6, Statens historiska Museum 1993.
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 198-201, 216-217.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje