Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Merovingartid
Vikingtid
Busetnaden
Jordbruket
Stølsdrift
Hus og gard
Reiskap og husgeråd
Handel og vikingferder
Teknisk utvikling
Gravskikkar
Båtgraver
Vikingkvinna
Kvite-krist
Småkongar og rikssamling
Vetar og vardar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Vikingtid
Perioden mellom omlag 800 og 1050 e.Kr. er kalla vikingtid. Dette er rekna som gullalderen i Noregs oldtid og perioden er svært rik på arkeologiske funn. Dei arkeologiske gjenstandane kjem i all hovudsak frå graver. Den heidenske gravskikken i vikingtid tilsa at mennene vart gravlagt med våpen og reiskap, medan kvinnene fekk med seg smykke, reiskap og anna personleg utstyr.

I vikingtida gjorde impulsar frå det kristne Vest-Europa sitt til å bryte ned trua på norrøne gudar og skape forvirring i den heidenske gravskikken. Menneska levde i eit miljø og i ei tid prega av møte med framande folk og kulturar.

Gjennom dei arkeologiske funna kan vi studere skipsbygging, våpen, reiskap og smykke. Funna viser omrisset av ein særprega andeleg og materiell kultur og syner tydeleg at perioden var ei hektisk nybyggjarepoke i norsk historie. I denne perioden vart ny jord dyrka og nye gardar bygde.

Vikingtida var også ei periode då det enkelte individet kom sterkare fram. &Aelig;ttesamfunnet og storfamilien i eldre jernalder var ikkje lenger dominerande i jordbruk og bygdeliv. Dette viser seg til dømes i måten menneska vart gravlagde på i vikingtida.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje