Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Merovingartid
Vikingtid
Busetnaden
Jordbruket
Stølsdrift
Hus og gard
Reiskap og husgeråd
Handel og vikingferder
Teknisk utvikling
Gravskikkar
Båtgraver
Vikingkvinna
Kvite-krist
Småkongar og rikssamling
Vetar og vardar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Vetar og varsling
Vetene var ein viktig del av forsvarsverket i vikingtida og i mellomalderen. Truleg har vetesystemet røter lenger tilbake. Ein vete var eit reisverk av tre som vart sett fyr på for å varsle om fiendar. Til bål vart det vanlegvis brukt lange stokkar som vart stabla som ei kjegle med eit holrom i. Vetene var plasserte på stader som flest mogleg hadde utsyn til.

På vetene skulle det vere vetevakter. I Gulatingslova kan vi lese nokre av reglane for vetevaktsordninga. Den som ikkje møtte opp når bodstikka frå årmannen eller lendmannen kom, vart straffa med bøter. Det var også bot om ein sovna på vakt eller tente på veten på spøk. For at ein kunne fyre på veten måtte minst fem skip vere på veg. Dersom det kom hærskip og veten ikkje var tent, vart vaktmannen lyst utlæg.

I den eldste tida sat vetevaktene kanskje inne i holrommet på bålet for å halde seg varme og tørre medan dei var på vakt. Etter Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 vart det bestemt at alle vetene skulle ha eigne vetestover. I lova står det at stova skulle ha tak og dør i alle fire veggar. Vetesystemet gjekk truleg i oppløysing i seinmellomalderen, men frå 1600-talet vart det på ny liv i veteordninga .

På Ulvedal i Stryn står ei vetestove som truleg er laga på 1700-talet. Sannsynlegvis er sjølve tufta eldre, og det har truleg stått vetestover på same staden i om lag tusen år. På Ytrehornsnakken i Hornindal finst det spor etter ei gammal vetestove. I alle kommunane i Nordfjord finst det vetar eller stader der namnet tyder på at det tidlegare har vore vetar.

Kjelder:
Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, b. 19, sp. 673.
Litt språkleg om vete og varde, Årbok for Nordfjord 2000.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje