Stølsdrift
I vikingtid og tidleg mellomalder begynte menneska med stølar og seterdrift. Årsaka til dette var truleg trong for beiteareal grunna folkeauke og rydding av nye gardar. Fleire stader i Noreg er det funne tufter etter setrar som var i bruk i denne perioden. På Svolset i Sogn er det funne spor etter ti til tolv seterhus som var i bruk mellom år 600-900 e.Kr. Funn frå desse tuftene tyder på at setra hovudsakleg var kvinnene si oppgåve. I tillegg til å stelle dyra, spann dei garn og vov.
På Svolset er det også funne tre store jordfaste steinblokker med groper. Kanskje er dette offergroper frå yngre jernalder? Etter tradisjonen vart det ofte smør i slike groper.
Kjelder:
Arvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie, bind 1, 1994.