Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Merovingartid
Vikingtid
Busetnaden
Jordbruket
Stølsdrift
Hus og gard
Reiskap og husgeråd
Handel og vikingferder
Teknisk utvikling
Gravskikkar
Båtgraver
Vikingkvinna
Kvite-krist
Småkongar og rikssamling
Vetar og vardar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Småkongar og rikssamling
I Snorre si framstilling av soga om Harald Hårfagre kan vi lese at det sat ei rekkje småkongar langs kysten av Noreg i vikingtida. Desse hadde stor makt og Harald Hårfagre måtte kjempe for å leggje Vestlandet under seg. Omlag år 900 var desse småkongane framleis heidningar og vart gravlagde i større haugar og med meir utstyr enn dei vanlege bøndene.

Ein viktig føresetnad for småkongedømene var eit økonomisk grunnlag som gjorde det mogleg å knyte til seg støttespelarar. Også i yngre jernalder eksisterte det truleg eit system der høvdingen eller småkongen stod i sentrum for innkrevjing og omfordeling av skattar, slik det var i eldre jernalder. Det var også viktig å ha kontrollen med viktige delar av produksjonen og omsetnaden av varer. I sein vikingtid vart religionen eit av dei viktigaste maktmidla til kongane. Dette var særleg synleg i alliansen mellom kyrkja og kongemakta som leidde til religionskifte i Noreg.

I yngre jernalder viser funna i Nordfjord at talet på graver med importsaker aukar. Både i Gloppen og Breim er konsentrasjonen av funn høg. I Stryn markerer bygdene i Oppstryn seg med mange og rike funn. I Innvik er det ei merkbar skilnad i talet på graver med importsaker i yngre jernalder i høve til den jernalder. Også i Hennebygda og på Stadlandet er det funne importsaker frå denne perioden. Dei mest markerte funna frå yngre jernalder i Nordfjord er materialet frå garden Myklebust i Eid. Alt i alt er det berre eitt gravfunn i Nordfjord som kan minne om grava til ein regional småkonge. Dette er skipsgrava i Rundehogjen på Myklebust.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 217.
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkelogisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje