Reiskap og husgeråd
I det arkeologiske materialet frå yngre jernalder får vi eit innblikk i kva reiskap som var vanlege på vikinggarden. Mange av jordbruksreiskapane folk brukte i yngre jernalder er svært like dei som var i bruk på 1800-talet i Nordfjord.Plogen kom ikkje i bruk i Nordfjord før i mellomalderen. I staden brukte bøndene framleisarden av tre. Enkelte stader vart arden forsterka med jern. I Nordfjord er det funne jernskodde ardar på Myklebust i Eid og på Hjelle i Stryn.
Jernskodde hakker (celt), sigdarogljåar var vanlege jordbruksreiskap i yngre jernalder og er vanleg å finne både i manns- og kvinnegraver i Nordfjord.
Lauvknivar, møkkastynger og sleder av tre var nok også vanlege på ein vikinggard i Nordfjord sjølv om dei diverre ikkje er bevart. I Oseberg-dronninga si grav i Vestfold er slike ting funne i god stand.
Knivar, sakser, hammar, bor, sylar og bryner er også representert blant det arkeologiske materialet frå Nordfjord. Med slike reiskap kunne menneska lage senger, kister, krakkar bøtter og tiner og alt som var naudsynt på ein gard.
Kljåssteinar (vevtyngder) er godt representerte i dei kvinnelege Nordfjordgravene og fortel oss at veving var ein vanleg syssel på ein vikinggard.
Eldstål med flint vart brukte til å gjere opp eld med. Eldstålet var i bruk heilt til fyrstikkene vart oppfunne.
Klebergryter og jernkaseroller med skaft vart brukte til å lage mat i. Grytene hang gjerne i ein skjerding over elden.
Steikepanner og steikespidd høyrde også til dagleglivet på ein gard i Nordfjord. I steikepanna steikte menneska ein brødsort som minner om flatbrød. Kjøt vart gjerne steikt på spidd.
Skålvektene av bronse og blylodd var viktige for dei velståande bøndene. Vektene tyder på at det vart drive handelsverksemd.
Spelebrikker og terningar av bein er funne i dei aller rikaste gravene frå yngre jernalder. I båtgrava på Kolbeinshogjen i Gloppen er det til dømes funne ein terning. Sjølv om kvinner kunne delta i brettspel er det sjeldan at ein finn slike spel i kvinnegravene.
Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 209-212.