Merovingartid
Yngre jernalder er perioden frå om lag 550-1050 e.Kr. Yngre jernalder er delt opp i merovingartid (550-800) og vikingtid (800-1050).Skiljet mellom eldre og yngre jernalder er mellom anna knytt til dei endringane vi finn i det arkeologiske materialet frå denne perioden. Endringane er hovudsakleg knytte til utviklinga på kontinentet. I mange år vart det romerske imperiet truga og utfordra av fiendar. I år 476 e.Kr. gjekk Vest-Romariket til grunne. Dei kaotiske tilstandane førte til endra politiske tilhøve og store folkevandringar i Europa.
Etter folkevandringane var det hovudsakleg germanarane som tok over det som hadde vore romersk territorium. Germanarane var delt inn i ulike stammer som alle hadde eigne fyrstehus. Alemannarar, burgundarar, langobardar, visigotarar, ostrogotarar, og frankarar er døme på slike germanske stammer. Av desse stammene var det frankarane som leidde den romerske arven vidare. Den vidkjende frankarkongen Klodvig var av merovingarætt og denne ætta styrte utviklinga i Europa fram til karolingane tok makta i Frankarriket midt på 700-talet. På grunn av merovingane si makt i Europa har perioden frå omlag 570 til 800 fått namnet merovingartid.
Frankarane var dyktige gull- og våpensmedar og hadde stor innverknad på kulturutviklinga i Europa i merovingartida. Dei frankiske impulsane nådde også Skandinavia. I det arkeologiske materialet frå denne perioden ser ein spor etter både frankiske og frisiske impulsar. Det einegga sverdet og parspyda frå folkevandringstida gjekk av moten, medan det einegga frankiske kortsverdet, lansen og kasteøksa vann terreng på Vestlandet. Også smykkeformer og dekor endrar seg i denne perioden.
Kjelder:
Bente Magnus, Soga om Gloppen og Breim, s. 185-187