Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Merovingartid
Vikingtid
Busetnaden
Jordbruket
Stølsdrift
Hus og gard
Reiskap og husgeråd
Handel og vikingferder
Teknisk utvikling
Gravskikkar
Båtgraver
Vikingkvinna
Kvite-krist
Småkongar og rikssamling
Vetar og vardar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Kvite-krist
Gjennom kontakt med kristne riker på dei britiske øyane og på det europeiske kontinentet fekk vikingane etterkvart kjennskap til kristendomen. Norske kongar brakte den nye trua med seg heim att. Biskopar, prestar, trælar og handelsfolk fungerte som misjonærar for Kvite-krist. Etterkvart gjekk mange nordmenn over til den nye trua.

Trua på Kvite-krist fekk truleg først innpass i dei sørvestlege delane av Noreg. Dei mange steinkrossane i Sogn og Fjordane tyder på at den kristendomen fekk fotfeste allereie på 900-talet. Langs kysten fekk impulsar utanfrå lettare innpass, men mykje tyder på at den kristne trua var ein sterk faktor også i dei indre bygdene i Nordfjord i denne perioden.

I Nordfjord finst 4 steinkrossar som er sett opp i yngre jernalder/tidleg middelalder. Stadane der desse krossane opphavleg stod fungerte kanskje som bøneplassar og stader for gudsdyrking før det vart reist kyrkjer?

Mangelen på gravfunn i Nordfjord etter omlag 950 kan tyde på at kristendommen var i ferd med å feste seg. Slaget på Stiklestad i 1030, der Olav den heilage vart drepen, var det avgjerande vendepunktet i kampen mellom kristendomen og den gamle heidenske trua i Noreg.

Kjelder:
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 217. Olaf Sig. Gundersen, "Steinkrossar i Nordfjord i tidleg mellomalder", Jul i Nordfjord 1995.Vikingløypa gjennom Rogaland, brosjyre utgjeve av Rikssamlingsfylket Rogaland og Arkeologisk museum i Stavanger, 1999.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje