Hus og gard
I vikingtida gjekk mange over frå å bygge langhus der folk og dyr budde under same tak, til å lage fleirbyggstun. No vart det bygt stall, fjøs og grisehus, lader for foret, hus for korntørking og eldhus som opphaldsrom for menneska. I eldhuset vart det laga mat og brygga øl og her sov menneska om natta. Trellane sov gjerne i eit lite kott eller i fjøsen saman med dyra.Overgongen frå langhus til fleire hus i eit tun varierte frå område til område i Noreg. Mange stader overlevde langhuset i mange hundre år, helt opp til mellomalderen og nyare tid.
Eitt av dei eldste tuftene av eit fleirbyggstun i Noreg er frå Ytre Moa i Øvre Årdal i Sogn og Fjordane. Der er det grave ut seks hustufter av ein gard frå 800-talet. Taka var dekte av torv og båre oppe av stolpar. Veggane var av reisverk i tre og med ytre steinmurar. På jordgolva var det grave ned kokegroper. Husa var mellom 7.5 og 9.5 meter lange.
I Nordfjord er det ikkje funne slike fleirbyggstun frå vikingtida, men det er liten tvil om at det finst spor etter dei også her.
Kjelder:
Karsten Alnæs, Historien om Norge. Det ligger et land, Oslo 1996.
Arvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie, bind 1, 1994.