Den yngre jernalderen er perioden frå 550-1030 e. Kr. Vi delar perioden inn i merovingartid (550-800 e. Kr.) og vikingtid (800-1030 e. Kr.). Merovingartida er oppkalt etter ei frankisk høvdingætt som fortrengte romarane og germanarane frå Gallia og grunnla det frankiske riket. Vikingtida var den skandinaviske stormaktstida.
I Noreg var den yngre jernalderen prega av folkeauke og intensivering av jordbruket. Nye og betre reiskap vart produserte og menneska tok til å bruke utmarka og fjellet til beiting. Folkeauke og jordmangel var kanskje blant årsakene til at mange menneske etterkvart reiste frå Noreg for å busette seg på Island, Grønland og på vesterhavsøyane.
I denne perioden lærte menneska å lage betre og meir solide båtar som kunne krysse Nordsjøen og sigle både til Svartehavet og til Amerika! Vikingane var handelsfolk og oppdagarar, men dei var også frykta for herjingane sine. Handel og plyndring skapte grunnlag for småkongar langs kysten av Noreg. Desse spelte viktige roller i samlinga av Noreg til eit rike.
I Rundehogjen på Myklebust i Eid er truleg ein småkonge gravlagd. Han vart gravlagd i eit skip som truleg var heile 25 meter langt.
Under emna til venstre kan du lese meir om den yngre jernalderen.
Vil du lese om den yngre jernalderen i di eiga kommune kan du klikke på kartet eller på kommunevåpenet til høgre.
|