Handel og vikingferder
I yngre jernalder viser importfunna i Nordfjord ei klar vestleg dreiing. I ein gravhaug på Myklebust i Eid er det til dømes funne eit vakkert irsk bronsekar, som truleg stammar frå ei kyrkje eller eit kloster. På Mindresunde i Stryn er det funne ei ringspenne frå dei britiske øyane og eit Northumbrisk bokbeslag er funne i ei grav på Skrøppa i Breim. To beslag med restar etter forgylling frå Årsheim i Selje er kanskje delar av ein utanlandsk relikviekross?Desse og liknande gravfunn tyder på at også Nordfjordingar deltok i plyndringsferdene som starta med åtaket på St. Cuthberts heilage kloster på øya Lindisfarne i England i år 793 e.Kr.
Sjølv om ein del av importmaterialet som er funne i Nordfjord truleg er røvargods, viser ei skålvekt frå Rundehogjen på Eid at Nordfjordingane også fredelege handelsfolk. Vi veit ikkje om det vart handla direkte med produsentane eller om handelen føregjekk med fleire mellomledd.
Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.