Gravskikkar
Ei viktig endring i gravskikken frå eldre til yngre jernalder er at hellekistene forsvinn. I tillegg blir det vanlegare å leggje arbeidsreiskap og verkty i både kvinne- og mannsgravene. I kvinnegravene finn ein også smykke, men forma og dekoren er annleis enn tidlegare. I mannsgravene ser ein at våpenutstyret også er endra. Medan ein i gravene frå eldre jernalder gjerne la ned eit tveeggja sverd og to spyd, blir det i merovingartid og vikingtid vanlegare å leggje ned eit eineggja sverd, eit spyd og seinare ei øks. Ei anna viktig endring frå eldre til yngre jernalder er også at leirkara forsvinn frå det arkeologiske materialet.Det finnast mange ulike graver frå yngre jernalder i Nordfjord. Nokre graver var brende, andre var ubrende. Dersom den døde vart brent vart beina vanlegvis reinsa, lagt i eit kar av jern, tre eller bronse og grave ned i bakken under eller i bålrestane. Dersom den døde ikkje vart brend vart den døde vanlegvis gravlagd i ein båt eller i ei kiste.
Omlag dobbelt så mange menneske vart gravlagde ubrende som brente, men ein veit ikkje årsaka til dette. Det er funne meir enn dobbelt så mange mannsgraver som kvinnegraver. Dette tyder på at det først og fremst var husbonden som skulle dyrkast. Dei andre familiemedlemmane fekk truleg ei enkel jordgrav.
Både gravtype og gravform vekslar gjennom heile yngre jernalder i Nordfjord. Sjølv om Nordfjord er eit relativt lite område, ser det ikkje ut som det eksisterte nokre faste retningsliner for gravlegginga. Berre i Hennebygda ser det ut som dei hadde ein eigen gravtradisjon der gravgåvene var enkle og temmeleg like. Gravgåvene indikerar ikkje at nokon hadde høgre status enn andre. Denne spesielle tradisjonen varte ved gjennom heile yngre jernalder i Hennebygda.
Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret Sagastad, s. 31-33. Lillehammer, 1994
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, band 1, Frå dei eldste tider til om lag år 1800, 1978, s. 197.
Bente Magnus og Bjørn Myhre,, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, bind 1 i Knut Mykland, Norges Historie, Oslo 1976.
Solberg, 1984
