Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
YNGRE JERNALDER

Merovingartid
Vikingtid
Busetnaden
Jordbruket
Stølsdrift
Hus og gard
Reiskap og husgeråd
Handel og vikingferder
Teknisk utvikling
Gravskikkar
Båtgraver
Vikingkvinna
Kvite-krist
Småkongar og rikssamling
Vetar og vardar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Busetnaden
I eldre jernalder var det tett busetnad i Gloppen og Stryn. I yngre jernalder ser det ut som busetnaden i desse områda aukar, i tillegg breier han seg til nye område. I slutten av merovingartid og i tidleg vikingtid skyt busetnaden fart overalt i Nordfjord. Den nye busetnaden finn vi ofte i område som er dårleg eigna for jordbruk som til dømes høgt til fjells og langt inne i fjordarmane. Også ytst ved kysten finn vi ny busetnad i denne perioden.

I ytre Nordfjord var det tett busetnad ved Moldefjorden i Selje og på øya Selja. På Liset i Bremanger er det funne spor etter kortvarige opphald grunna fiske og fangst. I Gloppen aukar talet på funn i heile perioden. Funna kjem delvis frå gardar som også var busette i eldre jernalder og frå gardar som vart rydda i yngre jernalder. Både i Loen, Olden og i Stryn ser det ut som busetnaden var nærast eksplosiv. Rike funn frå merovingartid og vikingtid på Nordfjordeid tyder på at staden var eit regionalt maktsenter i perioden.

Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Yngre Jernalder: Funn i Bremanger
Yngre Jernalder: Funn i Gloppen
Yngre Jernalder: Funn i Stryn
Yngre Jernalder: Funn i Hornindal
Yngre Jernalder: Funn i Eid
Yngre Jernalder: Funn i Vågsøy
Yngre Jernalder: Funn i Selje