Båtgraver
I Nordfjord finst det ei rekkje gravfunn som truleg er båtgraver. Rett nok er mange av funna så dårleg opplyste at det er uvisst om det er snakk om ein båt eller ei klinka kiste. Undersøkingar viser at kistene sjeldan var klinka. Det vanlege var å spikre kistene. Sikre båtgraver er funne på Myklebust i Eid, på Holvik og Hauge i Gloppen.Det er sett fram ulike tolkingar av skikken med båtgraver. Brøgger har sett tradisjonen i samband med rikdom og politisk makt. Shetelig har tatt utgangspunkt i båten som ein felles germansk ide der båten var knytt til ei førestilling om eit dødsrike. Kanskje var båten ei reiskap som den døde skulle nytte fram til eit dødsrike? Eller var han ei gravgåve til liks med det andre gravutstyret?
Arkeologen Bente Magnus meiner at det er funne heile 27 båtgraver i Nordfjord. Av desse 27 gravene er 14 brente og 27 ubrende. To graver er kvinnegraver, tre graver er dobbeltgraver for mann og kvinne. Dei andre 22 gravene er reine mannsgraver. Båtgravene er ikkje jamnt fordelte i Nordfjord, men konsentrerer seg om Eid, Gloppen, Breim, Stryn og Innvik. Tidsmessig fordelar dei seg mellom det 9. og det 10. århundre. Båtgraver er altså eit fenomen som avgrensar seg til vikingtida. I det 7. og 8. århundre er båtgraver eit ukjent fenomen i Nordfjord.
Bente Magnus si liste over båtgraver i Nordfjord:
Eid
Brent skip, Myklebust, Eid
Brent båt, Myklebust, Eid
Brent båt, Myklebust, Eid. Kvinnegrav
Ubrent båt, Myklebust, Eid
Stryn
Brent båt, Flo, Oppstryn. Dobbeltgrav
Brent båt, Fosnes, Oppstryn
Ubrent båt, Vik, Nedstryn
Brent båt, Vik, Nedstryn. Dobbeltgrav
Ubrent båt, Kirkeeide, Nedstryn
Brent båt, Rake, Loen
Brent båt, Hilde, Innvik. Kvinnegrav
Ubrent båt, Langeset, Innvik
Ubrent båt, Tistam, Utvik
Gloppen
Brent båt, Gimmestad, Gloppen
Ubrent båt, Gimmestad, Gloppen
Ubrent båt, Sande, Gloppen
Ubrent båt, Sande, Gloppen
Brent båt, Gloppestad, Gloppen
Ubrent båt, Ytre Hauge, Gloppen
Ubrent båt, Hauge, Gloppen
Ubrent båt, Holvik, Gloppen
Brent båt, Eide, Gloppen
Brent båt, Eide, Gloppen
Brent båt, Evebø, Gloppen
Brent båt, Sårheim, Gloppen
Ubrent båt, Bjørnarheim, Breim
Ubrent båt, Bø, Breim. Dobbeltgrav
Kjelder:
Bente Magnus, Studier i Nordfjords yngre jernalder, upublisert avhandling for mag.art, 1967.
Kari Charlotte Larsen, Forprosjekt. Fagleg utgreiing om innhaldet i senteret Sagastad, s. 31-33. Lillehammer, 1994