Reiskap
Menneska i steinalderen lagde reiskap av stein, bein og tre. Dei hogg og slipte stein til skraper og økser. Steinen var òg viktig som reiskap for å tilvirke bein og tre. Gjennom steinalderen endra teknologien seg. Dette fekk innverknad på forma på reiskapane. Desse endringane gjer det enklare for arkeologar å datere reiskapane. Mange forskjellige steintypar vart brukte i produksjonen av reiskap:Flint
Den mest brukte steinsorten i steinalderen var flint. Flint var lett å tilvirke og forme. I norske fjell fanst det ikkje flint, men det var mogleg å finne flintsteinar i strandkanten på Sørlandet. Dette var stein som flaut inn til kysten med drivis frå Danmark og Skåne. I strenge vintrar kan slik flinttransport skje også i våre dagar. Om lag 3000 år f.Kr. ser det ut som nordmennene skaffa seg store mengder flint frå Danmark. Denne flinten må ha kome sjøvegen til Noreg. Både dette og andre funn frå denne tidsperioden viser at nordmennene har hatt høve til å skaffe seg handelsvarer frå resten av Europa. Flint vart nytta som råstoff gjennom heile steinalderen i Noreg.
Bergkrystall og kvarts
Bergkrystall og kvarts finst blant anna i gangar og druser i andre bergartar over det meste av landet. Materialet vart nytta til ei rekkje reiskap gjennom det meste av steinalderen. Særleg i høgfjellet har dette vore vanleg å nytte til reiskap.
Kvartsitt
Kvartsitt er vanleg mange stader i landet og er nytta gjennom store delar av steinalderen. Særleg i høgfjellet har bruk av kvartsitt vore vanleg. I Kjøleskarvet i Lærdalsfjella er det ein førekomst av særleg god kvalitet. Den vart oppdaga av menneske for meir enn åtte tusen år sidan, og gjennom fem til seks tusen år var det henta råstoff her.
Årekvarts
Årekvarts er eigentleg ein kvartsitt. Den finst i Sunnhordland og vart nytta til ei rekkje små reiskap gjennom det meste av yngre steinalder og i slutten av eldre steinalder. Årekvarts er vanlegast på buplassar på Vestlandet og er enno ikkje påvist på buplassar aust for Egersund.
Skifer
Skifer vart særskilt nytta i yngre steinalder. Materialet er blautt og eignar seg relativt godt til sliping. Slipte skiferspissar er vanleg over det meste av landet. I dei nordlege landsdelane vart det framstilt fleire reiskap i skifer enn i Sør-Noreg, og skiferbruk synast å ha vart lenger der enn i dei sørlege landsdelane.
Grønstein
Grønstein er ein vulkansk bergart som finst i fast fjell fleire stader i Noreg. For omlag 8000 år sidan oppdaga nokon ein fin grønstein på Hesprilholmen, vest for Bømlo. Gjennom 4000 år tok menneska frå Bømlo grønstein på denne holmen. Dette var ein fin erstattar for flinten og ei svært ettertrakta vare som Bømlo-folket kanskje brukte til å byte til seg andre ting. Grønstein vart særleg nytta til større gjenstandar som økser og hakker. Slipte grønsteinøkser var svært vanlege på Vestlandet i yngre steinalder. Dei finst også i andre landsdelar.
I Hornindal i Nordfjord finst det ein førekomst av mineralet kalsedon. I steinalderen vart truleg denne førekomsten truleg nytta av menneska som budde i Nordfjord.
Kjelder:
Anders Hagen og Gerd Hennum, De første nordmenn, Oslo, 1975