Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Dei første menneska
For meir enn 12 000 år sidan var store delar av Noreg dekka av eit lag av is. I tusenåra som kom smelta isen sakte, men sikkert. Dei ytste delane av norskekysten vart truleg først isfrie og menneska kunne slå seg ned. Heilt sidan den første pionertida har folk halde til langs kysten. Næringsgrunnlaget langs kysten var godt med rikeleg tilgang til fisk, fugl og sjødyr.

I steinalderen vart også fjellviddene i Noreg nytta. Her jakta menneska til dømes på rein. Truleg vandra menneska mellom kysten og fjellet. Kanskje heldt dei til på vidda om somrane og langs kysten om vinteren?

I yngre steinalder, frå om lag 4000 f.Kr., begynte folk også med jordbruk og fehald i tillegg til jakt og fiske. Folk vart etter kvart meir bufaste og bygde meir solide og haldbare hus. I denne perioden ser vi at menneska også tok i bruk dei indre bygdene med god jordbruksjord.

I perioden 1991-1995 vart det registrert ei rekkje buplassar frå steinalderen i Skatestraumen i Bremanger. Perioden mellom slutten av istida og omlag 7500 f.Kr. er dårleg representert i Skatestraumen, men arkeologane meiner at staden mest sannsynleg var i bruk også i denne perioden. Perioden frå 7500 e.Kr. er derimot godt representert både ved registrerte og utgravne buplassar. Skatestraumprosjektet har ført til at ein spennande del av Nordfjords historie er kome betre fram i lyset.

Kjelder:
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie 1, Oslo, 1994
Knut Andreas Bergsvik, Steinalderundersøkelsene ved Skatestraumen, i Arkeologiske Skrifter fra UiB,nr. 10, Bergen 1999

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje