Klede
Forskarane veit ikkje noko sikkert om kleda til nordmennene i steinalderen. Då klimaet var kaldt, kledde dei seg nok i skinnklede. Då klimaet endra seg og vart gunstig, gjekk kanskje mange utan klede?I 1991 gjorde to austerrikske fotturistar ei sensasjonell oppdaging i Alpane. På veg ned igjen frå ein tur i fjellet fann dei eit lik av ein mannsperson. Liket var mumifisert og heilt intakt. Undersøkingar viste at mannen var omlag 5300 år gamal og levde i yngre steinalder.
Mannen i Alpane døydde i kvardagskleda sine medan han var ute på jakt. Han hadde på seg ei jakke og ei lue av skinn. Over skinnjakka hadde han ei kåpe av fletta gras. Skoa var laga av kuskinn. Eit flettverk av gras gjekk rundt hælen, og innvendig var skoa fora med gras.
Mannen hadde med seg to nevertiner. I den eine tina hadde han glør til å gjere opp eld. Han hadde også ein pilkogge av hjorteskinn med 14 piler i. Spissane var av flint. Han hadde med ein boge som ikkje var heilt ferdig, ein liten dolk med flintblad, slire og ei øks.
Funnet av mannen i Alpane er eit av dei store arkeologiske funna i vårt hundreår. Det er spesielt fordi det gir oss mykje ny kunnskap om dagleglivet til menneska i steinalderen. Funnet fortel mellom anna at menneska laga klede av organisk materiale.
Kjelder:
Shelly Tanaka, Ismannen, Cappelen/Madison Press, Italia, 1997