Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Jordbruket
Eitt av dei største framstega i menneska si historie var då dei lærte å dyrke jorda og halde eigne husdyr. I yngre steinalder, frå om lag 4000-3000 f.Kr., byrja folk også så smått med jordbruk og fehald i Noreg og Nordfjord. Dette var truleg næringar i tillegg til jakt og fiske. Etterkvart vart folk meir bufaste og bygde meir solide og haldbare hus. I denne perioden ser vi at menneska også tok i bruk dei indre bygdene med god jordbruksjord.

Sjølv om jordbruk og husdyrhald gjorde at menneska vart meir bufaste, fortsette dei aller fleste nordmennene med jakt og fangst. Noreg var eit rikt land på vilt og fisk og menneska trong ikkje streve for å skaffe seg mat. Det gjekk difor ganske mange år før fangstmannen vart bonde i Noreg. Jordbruket vart ikkje vanleg i størstedelen av landet før om lag 2500 år f.Kr.

I Gloppen er det gjennomført omfattande undersøkingar av det tidlege jordbruket i bygda. Både på Austrheim og på Gloppestad er det funne dyrkingslag som er C14-datert til perioden mellom 4000 og 3000 år f.Kr. Også på Hjelle i Stryn er det funne dyrkingslag frå denne perioden.

Kjelder:

Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994
Søren Diinhoff, Træk af det Vestlandske jordbrugs historie fra sen stenalder til tidlig middelalder, Arkeo nr. 1, 1999.
Søren Diinhoff, Vereide-prosjektet boplass. Arkeologiske undersøkelser på Vereide 1990-1996. Arkeologiske Rapporter 22. UiB 1997.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje