Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Steinalderen er perioden frå om lag 10.000 f. Kr. og fram til 1800 f. Kr. Vi deler gjerne perioden inn i eldre steinalder (10.000-4000 f. Kr.) og yngre steinalder (4000-1800 f. Kr.).

I den eldre steinalderen levde menneska av jakt, fangst og fiske. Truleg var menneska nomadar som vandra frå kysten til fjellet alt etter årstidene og tilgongen på mat. Økser, pilespissar, fiskekrokar og skraparar var vanlege reiskap som ein finn på buplassane frå denne perioden.

I den yngre jernalderen begynte menneska så smått med jordbruk og fehald. Dette førte etterkvart til at folk vart meir bufaste, bygde større og betre hus og tok i bruk andre typar reiskap. Nokre menneske slo seg ned i dei gode jordbruksbygdene inne i fjordarmane. Sjølv om jordbruket og fehaldet vart viktigare mot slutten av den yngre steinalderen, var truleg fangst og fiske framleis hovudnæringane.

Viktige spor etter menneska i steinalderen er dei flotte helleristningane som bøndene og jegerane lagde. Ristningane var truleg ledd i ei religionsutøving. På Vingen i Bremanger finst eit storslått helleristningsfelt..

Under emna til venstre kan du lese meir om steinalderen.
Vil du lese om steinalderen i di eiga kommune kan du klikke på kartet eller på kommunevåpenet til høgre.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje