Helleristningar
Menneska i steinalderen var naturfolk som var avhengige av at naturen spelte på lag med dei. Det er difor sannsynleg at menneska tenkte på same måten som dagens naturfolk. Dersom naturen var gavmild, var andane med dei. Var naturen fattig på mat og veret kaldt, slo andane seg vrange. Menneska var omgitt av mektige naturkrefter som dei måtte vere vener med. For å sikre seg mot svolt og ulukker og for å sikre jakt- og fiskelukke måtte dei skaffe seg andane sin velvilje.Det kan ha vore slike idear som låg bak dei storslåtte felta med helleristningar som finst i Noreg. Menneska trudde kanskje at bileta hadde magisk kraft? Kanskje kjende menneska seg i slekt med dyra som dei portretterte? Kanskje var dette ein måte å overføre noko av den overnaturlege krafta frå dyret til mennesket?
Enkelte av helleristningane i Noreg er av menneske som dansar eller slår på tromme. Dette kan vere eit bilete av menneska sin andelege kontaktmann, sjamanen. Trommer og dans var viktig når sjamanen si sjel skulle forlate kroppen for å oppsøkje andane. Kanskje var han utkledd som ein fugl som skulle føre sjela langt av stad. Fleire helleristningar i Alta og i Varanger viser slike fuglefigurar. Vi veit ikkje om menneska samla seg til religiøse seremoniar der bileta vart hugge inn i fjellet, men det er ikkje usannsynleg.
På Vingen i Bremanger ligg eitt av de største felta med veideristningar i Europa. Dette er bilete laga av jegerar.