Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Graver
Det er to ting som kan fortelje oss om steinaldermenneska sine religiøse forestillingar. Det eine er gravene og det andre er helleristningane.

I Noreg er det ikkje funne så mange restar av menneske frå steinalderen. Skjelett inneheld kalk og blir lett oppløyste i eit surt jordsmonn. Nokre av gravfunna i Noreg frå yngre steinalder fortel likevel litt om dei religiøse tankane til bøndene i steinalderen. Det var mellom anna vanleg å sende med menneska ting i grava. Arbeidsøkser, stridsøkser og ein sjeldan gong keramikk vart gitt til den døde. Dette tyder på at menneska i steinalderen trudde på eit liv etter døden.

I Noreg er det også funne sigdar og økser av flint i myrer og tjern, under ei helle eller i ein bergsprekk. Øksa var eit symbol på grøderikdom og sigden vart brukt til innhausting av korn. Arkeologane trur at begge desse reiskapane vart ofra for å sikre gode avlingar på åkeren og ein fruktbar dyreflokk.

I danske myrer er det funne mange godt bevarte graver frå steinalderen. Funn tyder på at det lenge var vanleg å gravlegge den døde i kjøkenrestane. Arkeologane er ikkje sikre på kvifor ein sjeldan finn heile skjelettet i desse restane. Nokre spekulerer i at den døde vart delt opp og gravlagd på forskjellige stader.

Nokre funn tyder på at enkelte jegerstammar var kannibalar. Merker etter skrap og snitt i margen på enkelte menneskebein viser dette. Arkeologane veit ikkje om menneska åt kvarandre fordi dei var svoltne og trong mat eller om det var for å få i seg krafta til det døde mennesket. Nokre gravfunn tyder også på at enkelte menneske vart tvinga til å følgje døde menneske i grava.

Kjelder:
Ole Røsholdt, Steinalderen, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo, 1996
Anders Hagen & Gerd Hennum, De første nordmenn, Oslo, 1975

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje