Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Fangst og fiske
Menneska i steinalderen levde av det dei kunne hauste og fange i naturen som vilt, fisk og fugl. Av skinnet laga dei klede og materiale til telt, teppe og båtar. Av bein og knoklar lagde menneska reiskap som synåler og fiskekrokar. Sytråden var laga av dyresener. Av fuglane fekk menneska fjør og dun. Dette gjorde nok kleda både varmare og flottare.

Allereie i steinalderen fanga menneska kval og sel med harpun. Harpunen hadde skarpe mothakar som sette seg fastare og fastare i dyret dess meir det kjempa imot. Til slutt var dyret så sliten at menneska kunne avlive det med spyda sine.

Til å fange fisk brukte dei onglar, garn og spyd. Dei hadde søkker av rullestein slik at dei kunne fiske på djupt vatn. Søkkene kunne vere opptil eit kilo. Fisken vart som oftast tørka. Familiane som budde i strandkanten åt mykje blåskjel, musling, krabbe og reke.

Viltet på fjellet vart teke med pil og boge og med spyd. Ofte samla fleire jegerar seg for å ringe inn byttet og jage det utfor stup eller i sjøen. På Vingen i Bremanger var dette truleg ein vanleg jaktmetode. Flokkar av hjort vart omringa og jaga mot stupet. Deretter kunne jegerane springe ned under fjellveggen og plukke opp jaktbyttet sitt. I Vingen lagde menneska i tillegg store helleristningar av hjortedyra som dei jakta på.

Kjelder:
Anders Hagen & Gerd Hennum, De første nordmenn, Oslo, 1975
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994
Bente Magnus & Bjørn Myhre, Norges historie Bind I, Oslo, 1976.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje