Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Familien og stammen
Menneska i steinalderen levde som natur- og fangstfolk. Kanskje kan vi samanlikne dei med korleis naturfolk i Alaska, Grønland og i varmare strok lever i dag?

I eldre steinalder var det kanskje få familiar og små stammar som heldt saman og som flytta frå fangstplass til fangstplass. Etterkvart som stammane vart større og fleire vart bufaste, auka folketalet og fleire voks opp.

I yngre steinalder budde enkelte flokkar saman i ganske store hus. Arkeologar har funne restar etter hus som hadde ei golvflate på 20 til 50 kvadratmeter. Vi veit ikkje sikkert om menneska levde som ein kjernefamilie med mann, kone og born eller om dei organiserte seg på ein annan måte. Det er mogleg at dei levde i storfamiliar og at mennene hadde fleire koner.

Vi veit ikkje sikkert kor gamle menneska i steinalderen vart. Truleg var levealderen atskilleg kortare enn vår. Skjelett som er funne i Danmark viser likevel at gjennomsnittshøgda til menneska i steinalderen kan ha vore nesten like høg som i dag. Dette vitnar om god næringstilgang.

Andre funn viser også at enkelte menneske hadde både gikt og blærestein. Nokre hadde hoggmerker på kroppen og på hjerneskallen. Som i dag var nok også menneska i steinalderen i strid med kvarandre. Kanskje sloss fleire stammar om gode jakt- og fiskeplassar? Kanskje rivaliserte nokre om å vere leiar av stammen?

Det er ikkje umogleg at stammane hadde ein leiar som kravde skatt frå dei andre i stammen. Enkelte funn av hus frå steinalderen med langt fleire knivar og pilspissar enn i nabohusa kan tyde på dette.

Kjelder:

Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Norges historie Bind I, Oslo, 1976.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje