Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Eld
For å lage mat måtte menneska ha eld. Ein teknikk som vart brukt for å lage eld var å slå to flintsteinar mot kvarandre. Gneistane frå steinane vart fanga opp av tørr mose eller never som lett tok fyr. Det var vanleg å bruke kjuke, den store soppen som veks på mange bjørkestammar. Ein kunne og lage eld ved å gni ein pinne kraftig mot eit trestykke med tørr mose. Når menneska flytta frå ein stad til ein annan, bar dei med seg glør i ei leirkrukke eller i ei nevertine. Dei pakka inn glørne i oske, fuktig mose og blad.

For å koke maten lagde menneska truleg kokegroper i jorda. Maten kokte dei kanskje i skinnposar. Mange stader i Noreg har arkeologar funne avlange og runde kokesteinar. Desse vart varma opp i elden og deretter lagt ned i kokegropa. Med desse steinane kokte vatnet etter nokre få minutt. Deretter la menneska i kjøt eller fisk, røter og blader. Det var også mogleg å steike fisk og kjøt på desse steinane. Maten vart då pakka inn i blad eller bar og lagt på steinane. Kokevarme steinar vart også lagt over.

Elden var viktig for menneska i steinalderen. Ved hjelp av elden kunne dei jage viltet ut av skogen og signalisere til kvarandre. Elden gav mat og varme i kalde netter og heldt ville dyr på avstand. Kanskje trudde menneska at elden kunne verje dei mot vonde krefter?

Kjelder:
Ole Røsholdt, Steinalderen, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo, 1996.
Anders Hagen & Gerd Hennum, De første nordmenn, Oslo, 1975
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje