Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
STEINALDER

Dei første menneska
Klimaet
Familien og stammen
Bustader
Fangst og fiske
Reiskap
Eld
Klede
Jordbruket
Graver
Helleristningar
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Bustader
Menneske som stadig var på flyttefot måtte lage bustader som var enkle å sette opp. Etter kvart som folk vart meir bufaste vart husa større og meir solide. I Noreg har arkeologar funne buplassar med stolpehol etter telt og jordgammer, eldstader, kjøkkenavfall og restar etter våpen og reiskap.

Vindskjerm
Om somrane, når det var varmt i veret, sov dei kanskje under ein vindskjerm av to stolpar med skinn mellom.

Skinntelt
Skinnteltet vart strekt over stolpar av tre eller kvister. Tunge steinar heldt skinnet på plass. Enkelte stader brukte kanskje menneska kvalbein for å halde skinnet på plass.

Jordgammer
Jordgammene var delvis gravne ned og hadde veggar av torv, kvistar og kanskje leire. Dei kunne vere ganske store og fleire familiar kunne bu saman. Grunnforma var ofte oval. Taket vart halde oppe ved hjelp av stolpar.

Hellerar og holer
Hellerar og holer gav godt ly for ver og vind og menneska slapp å setje opp telt og gammer. Streifande grupper vende tilbake til hellerane og holene år etter år og brukte dei som utgangspunkt for jakt og fangst. Vistehulen på Jæren, Skipshellaren og Ruskeneset ved Bergen og Grønehellaren i Sogn er døme på stader som vart brukte av menneska i tusenvis av år.

Det organiske materialet som er funne i hellerane gir arkeologane gode høve til å studere dietten til menneska i steinalderen. Funn frå Ruskeneset utanfor Bergen viser at jegerane som kom dit hadde med seg korn og eit og anna tamdyr. Dette tyder på at dei både dreiv åkerbruk og husdyrhald der dei heldt til størstedelen av året. Både kornet og husdyra kan vi rekne med var nistemat dersom fangsten slo feil.

Steinaldergardar
Mot slutten av steinalderen og mot bronsealderen vart menneska meir bufaste. Dei hadde husdyr og dyrka jorda. Frå denne tida finn vi spor etter steinaldergardar i Noreg. Husa var avlange, og ramma var av kraftige stolpar av tre. Veggane var av kvistar og greiner som var klint saman av leire og strå. Taket var grastorv eller strå.

På Møre er det funne restar etter eit slikt hus som var 18 meter langt og 7 meter breitt. I Danmark er det funne langhus frå steinalderen som var opptil 40 meter lange.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Steinalder: Funn i Bremanger
Steinalder: Funn i Gloppen
Steinalder: Funn i Stryn
Steinalder: Funn i Hornindal
Steinalder: Funn i Eid
Steinalder: Funn i Vågsøy
Steinalder: Funn i Selje