Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Samferdsle og kontakt
Importmaterialet i Nordfjord frå romartida tyder hovudsakleg på kulturimpulsar frå sør og aust i Europa. Ei bronsespenne som er funne på Sande i Gloppen, eit glasbeger frå Eide i Selje, eit glasbeger frå Eidehøvdingen si grav og ein denar frå Holvik i Gloppen er alle truleg importerte frå området kring Austersjøen. Også ei ravperle frå grava på Holvik, og to reimspenner frå Mindresunde i Stryn peikar mot austlege kontaktar. Arkeologen Eldrid Straume meiner at det må ha eksistert kontakter mellom Nordfjord og til dømes Gotland i denne tidlege perioden av eldre jernalder.

I folkevandringstida tyder importmaterialet på meir kontakt sør og vest langs lina Elben, Rhinen, Lista og Rogaland. I Stryn viser dette tydeleg gjennom funn av seks vestlandskjelar og to glasbeger.

Gloppen og Stryn er bygder som alltid har vore møtepunkt langs sentrale ferdslevegar i Nordfjord. Det sterke innslaget av importmateriale i graver i desse bygdene vitnar altså om sterk kontakt med viktige handelsområde i eldre jernalder, som områda rundt Nordsjøen og Austersjøen. Det er likevel ikkje grunnlag for å hevde at dei ytre delane av Nordfjord har vore i bakevja i denne perioden. Funn tyder på at til dømes Selje ikkje var nokon kulturell utkant.

Lokalt viser busetnadsmønsteret at dei tversgåande sjøvegane var blant dei viktigaste kommunikasjonsrutene i denne perioden. Truleg vart roskipet mest nytta som kommuniksjonsmiddel. Dette skipet kunne faktisk vere 18-20 meter langt, men det sette likevel grenser for kor langt ein kunne reise og kor mykje som kunne fraktast.

Allereie i eldre jernalder var hesten eit viktig kommunikasjonsmiddel i Nordfjord. Dette er gjenspegla i dei mange gravene i Nordfjord der ein har funne restar etter hest. Hesten var også viktig i religionen.

Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje