Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Runeteikn
I folkevandringstida får vi dei første spor etter kva språk som vart snakka og kva skrift som vart brukt i Noreg og Nordfjord. Alt tyder på at runene kom til Noreg frå Europa. Dei oppstod hos germanske grupper på kontinentet som eit resultat av impulsar og kontakt med latinske og greske folkeslag som allereie hadde utvikla eit eige alfabet. Det eldste runealfabetet, futhark, hadde 24 teikn. Etterkvart vart den erstatta med eit kortare alfabet på 16 teikn.

Runene vart ofte hogge inn på bautasteinar, helst plasserte på graver eller ved gravfelt. Teksten på bautasteinane var sjeldan lange og ordrike, oftast inneheldt dei berre eit namn eller ei kort setning. Nokre gongar har døde menneske fått med seg amulettar og relieffspenner med runer i grava.

Runene hadde truleg religiøst innhald. Folk trudde dei hadde ei magisk kraft som både kunne bringe lukke, verje og skade. Berre eit fåtal menneske kunne skrive runer og det er ikkje usannsynleg at desse var seidmenn eller sjamanar. Om den runekunnige hadde ein religiøs posisjon eller ikkje, er det sannsynleg at den som kunne runeskrift hadde makt i lokalsamfunnet.

Døme på runeinnskrifter i Nordfjord frå eldre jernalder er Kårstadsteinen i Innvik og runesteinen på Barmen.

Kjelder:
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie bind 1. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo 1962.
Bente Magnus of Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, i Knut Mykland (red.), Norges historie, 1976

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje