Romersk jernalder
I hundreåret før Kr. fødsel starta romarane landvinninga si nordover i Europa. Romarane knuste dei keltiske folkegruppene som herska i Mellom-Europa, og dei tok Gallia og England. I år 9 etter Kr. tapte romarane eit stort slag ved Teutoburgerskogen ved Donau. Dette var så langt nord som romarane kom, og her bygde dei eit grensevern mot keltiske og germanske åtak.Dei romerske provinsbyane langs Donau og Rhinen vart etterkvart sentra for handel og industri. Handelsskip frå Rhinen kom nok også til Noreg og Nordfjord, men mesteparten av dei romerske varene som kom til våre trakter kom mest sannsynleg via mellommenn.
Populære romerske handelsvarer i Noreg var bronsekar, kjelar og spann. I Noreg vart desse ofte brukte som gravurner. I Noreg er det også funne romerske auser, silar og vakre vasar. Ei anna ettertrakta saker var romerske glas i ulike fargar. I Noreg og i Nordfjord, der trekar, leirkar og oksehorn var vanleg gjorde nok desse glasa stort inntrykk.
I romersk jernalderen endra gravskikkane seg på ny i Noreg. Den jamne norske bonden fekk vanlegvis ei enkel gravferd i tråd med tradisjonen frå keltartida, medan andre fekk flotte gravferder og rike gåver med seg i grava. Den døde vart no oftare gravlagt utan kremering og igjen tok ein til å bygge markerte haugar over grava. Dette viser at det no voks opp rike og mektige stormannslekter i Noreg.
I Nordfjord gjekk det lang tid før den nye gravskikken fekk skikkeleg innpass. Først på 300- og 400-talet blir det vanlegare å gravlegge den døde ubrend.
Kjelder:
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie bind 1. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo 1962.
Bente Magnus, De eldste tider i Gloppen og Breim, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim band 1, s. 149.