Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Religion
Truleg var høvdingen sentral i utøvinga av en religiøse kultusen i eldre jernalder. På denne måten vart religionen eit maktmiddel for dei leiande i samfunnet. Vi veit derimot lite om korleis den religiøse kultusen arta seg i denne perioden. I det arkeologiske materialet frå Nordfjord finst klare trekk av ein offer-, forfedre- og grøderikskultus som var sentrale delar av den germanske religionen på kontinentet.

For menneska i jernalderen var dødstru og grøderikdom knytt tett saman. Døden verka truande på menneska og samfunnet. Ønsket om gode avlingar, mange og friske born og gode ressursar stod difor sentralt i livet deira. Den religiøse kultusen var difor konsentrert rundt symbol og handlingar som skulle auke grøderikdommen og sikre menneska eit godt utkomme.

Dei heilage kvite steinane, ofte i form av ein fallos, er eit slikt grøderikssymbol som det er funne fleire av i Nordfjord.

Nokre av tankane bak reisinga av enkelte bautasteinar var kanskje også knytte til forestillingar om grøderikdom. Truleg har det vore fleire tankar og meiningar bak reisinga av desse steinane.

Runeskrift og ristningar er sett i samband med utøvinga av den religiøse kultusen i eldre jernalder. Runer er gjerne knytt til heidenske forestillingar og dei fleste innskriftene har ein magisk karakter. Arkeologen Bente Magnus meiner at både Kårstadsteinen frå Innvik og Runesteinen på Barmen kan setjast i samband med sjamanisme.

Gravhaugane har truleg også vore viktige religiøse symbol i eldre jernalder. Det var vanleg å gravleggje dei døde nær tunet og dermed markere det nære sambandet mellom dei levande og dei døde. Ved haugane vart det utført religiøse handlingar og ofringar. Den religiøse dyrkinga av dei døde skulle sikre grøderikdom og eit godt liv.

Kjelder:
Bente Magnus, Eggjasteinen-et dokument om sjamanisme i jernalderen? Arkeologiske Skrifter, No. 4 - 1988. Historisk Museum, UiB 1988 Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje