Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn



Den eldre jernalderen er perioden frå om lag år 500 f. Kr til 550 e. Kr. Vi deler den eldre jernalderen inn førromersk jernalder (550-0), romartid (0-400 e. Kr.) og folkevandringstid (400-550 e. Kr.) Årsakene til denne inndelinga er hovudsakleg knytt til utviklinga på det europeiske kontinentet.

I den eldre jernalderen lærte menneska korleis ein kunne utvinne jern. Dette var eit viktig framskritt. No kunne dei smi reiskap og våpen som både var meir effektive og haldbare. I denne perioden vart klimaet kjøligare i Noreg og folk begynte å bygge meir permanente og solide hus. Dette førte til at fleire vart bufaste. Familien og ætta var viktige og dei døde vart ofte gravlagde i haugar nær tunet.

Det arkeologiske materialet frå denne perioden tyder på at nokre gardar var rikare og hadde større overskot enn andre. Truleg var dette gardane til regionale høvdingar. På Eide i Gloppen er det funne ein stor gard frå folkevandringstid. Dette er truleg garden til ein regional høvding.

Under emna til venstre kan du lese meir om den eldre jernalderen.
Vil du lese om den eldre jernalderen i di eiga kommune kan du klikke på kartet eller på kommunevåpenet til høgre.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje