Høvdingmakt
Ei studie av gravskikkane i Nordfjord tyder på at det har eksistert store sosiale skilnader i eldre jernalder. Store haugar og røyser med importert gravgods tyder på at enkelte gardar hadde økonomisk overskot og evne til å skaffe seg verdifulle gjenstandar til dømes frå dei romerske provinsane. Truleg var samfunnet organisert i høvdingdømme som peika fram mot småkongedømma i yngre jernalder.Økonomisk sett fungerte høvdingen truleg som ein sentral omfordelar av varer og tenester. Til høvdingen sin gard kom det kanskje inn varer frå eit stort tal gardar og buplassar. Desse varene gav eit overskot som kunne nyttast til å løne folk eller skaffe luksusvarer frå Europa.
På denne måten vart det truleg skapt eit grunnlag for spesialisering. Nokre gardar spesialiserte seg på til dømes produksjon av leirkar, andre leverte førsteklasses vove tøy, medan andre igjen hadde fisk å selje eller råstoff til reiskap.
Truleg hadde høvdingen ei sentral rolle som leiar ved ting, religiøse festar og seremoniar. Han var truleg leiar i strid. Utveksling av gåver og giftarmål mellom høvdingslekter var viktig for å skape og oppretthalde alliansar.
Gloppen og Stryn skil seg ut som klare maktsenter eldre jernalder. På Eide i Gloppen er det funne ei svært rik mannsgrav samt spor etter fleire langhus frå folkevandringstida. Arkeologane meiner dette er grava og garden til ein regional høvding.
Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn i Knut Mykland (red), Norges Historie bind 1, J.W. Cappelens forlag, Oslo 1976.