Heilage kvite steinar
Heilage kvite steinar er skulpturar i kvit kvartsitt av eit ståande mannslem. I Noreg er det funne omlag 50 slike steinar og dei fleste skriv seg frå folkevandringstida, om lag 400-600 e.Kr. Dei heilage kvite steinane må tolkast som direkte symbol på guden Njord eller sonen Frøy. Dei var gudar for grøderikdom. Desse steinane spelte truleg ei stor rolle i bonden si utøving av religionen. Nokre steinar har blitt reist på gardstunet, andre steinar har stått ute i åkeren. Meininga med dei har mest sannsynleg vore å auke avlingane og grøderikdommen, samt sikre levedyktig avkom på garden.
Frå Noreg kjenner vi også døme på at det har vore reist steinar inne i grava, eller i tilknyting til gravanlegget elles. Denne skikken var ikkje nokon særeigen norsk tradisjon, men var utbreidd over heile Europa i eldre jernalder. Skikken synest først og fremst å vere knytt til branngraver, men han er også knytt til skjelettgraver som til dømes Eidehøvdingen si grav i Gloppen.
Tanken bak det å reise ein stein på toppen eller i grava, kan vere å feste sjela til den døde i grava slik at han ikkje skulle kome att.
I Nordfjord er det funne heilage kvite steinar på Hafsås i Eid, på Fosnes i Stryn, på Ytre Kandal i Breim og to stykker i Loen, Stryn. På garden Tunold i Oppstryn finst det ein fallosstein.
Kjelder:
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie bind 1. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo 1962.
Bente Magnus, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim.
Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt. fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.