Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Gravskikkar
I den eldste delen av jernalderen reknar ein med at gravene på Vestlandet var enkle branngraver med lite markering på overflata. Desse gravene hadde truleg ikkje gravgåver av særleg omfang. Noko seinare vart det vanleg å bygge ei lita røys eller ein haug over grava og utstyre grava med gravgods av varierande mengde.

I heile perioden vekslar gravskikken og ulike skikkar vart nytta om kvarandre. Det er likevel ein tendens til at tradisjonen med å gravleggje den døde ubrend var dominerande, og særskilt i den øvste sosiale laga. Skikken dukka opp i yngre romartid med enkelt utstyrte graver og heldt fram inn i folkevandringstida. Ein av dei tidlegaste døma på denne gravskikken i Nordfjord er ei ubrend mannsgrav frå Måri i Olden. Denne er datert til det 4. århunde.

I folkevandringstida vart gravgodset fyldigare. I tillegg til det personlege utstyret vart det vanleg å leggje eit tveeggja sverd og to spyd i mannsgravene. Kvinnene fekk ofte smykke og anna personleg utstyr. Den ytre gravforma var framleis ei røys eller haug som dekte over kista. Kista låg anten på markoverflata eller var greven ned i jorda. Dei ubrende gravene frå folkevandringstid tilhøyrde truleg ein jamn bondestand som ikkje var utmerka rike. I denne perioden er det eit rikare drag over dei brente gravene, særskilt dei med bronsekjelar (vestlandskjelar) og glasbeger.

Vestlandskjelane var truleg statsusgjenstandar som var importerte frå kontinentet. Graver med slike kjelar høyrde truleg til gardar som var i det øvre samfunnslaget i bygda. Likevel er det sjeldan anna gravgods i desse gravene. Beina var alltid brente og reinsa og deretter samla i kjelen.

Karakteristisk for gravene frå eldre jernalder er at dei sjeldan ligg samla i store gravfelt. Haugane ligg som regel spreidde ein og ein på gardane. Det var vanleg å gravlegge dei døde nær tunet. Gravfelt frå denne perioden finn vi berre i dei indre fjordbygdene som på Evebø-Eidefeltet og på Vereidesletta i Gloppen.

Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Eldrid Straume, Nordfjord i eldre jernalder, BMÅ Hum.Serie, no.4, 1961

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje