Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Gravhaugane
Dei store gravhaugane og arbeidet som ligg bak fullføringa av slike byggverk er sterke uttrykk for makt. Både store gravhaugar og rikt gravgods markerer sosiale ulikskapar og er uttrykk for ei lagdeling av samfunnet. Gravminna vitnar også om evne og vilje til å organisere og samordne ein felles større arbeidsinnsats. Det er vanskeleg å seie noko klart om kor mange dagsverk som har gått med til å bygge slike store gravminne. Bygginga kan ha føregått over lang tid.

Byggjematerialet i dei største haugane er ofte jord og stein. I mange av dei største haugane i Noreg er det ikkje gjort funn. Desse var altså ikkje gravhaugar. Det er usikkert kva som var formålet med å byggje slike store haugar. Kanskje markerte dei lokale maktsenter? Kanskje vart dei nytta til tingstad og samlingsstad ved seremoniar? Kanskje hevda ein lokal høvding makt gjennom ei stor hird og eit lokalt rettsapparat knytt til tingstaden? Lokale rettsordningar og hird er i første rekkje knytt til dei småkongane som dukkar opp i vikingtida. Det er usikkert om det eksisterte liknande ordningar i eldre jernalder.

Tinghogjen på Hauge i Gloppen er den største haugen på Vestlandet som er bygd av menneske. Namnet på haugen gir oss klare indikasjonar på kva som mellom anna har foregått der.

Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje