Førromersk jernalder
Perioden frå omlag 500 f. Kr og fram til Kr. fødsel er kalla førromersk jernalder. No var bronsealderen over og menneska i Europa lærte seg kunsten å utvinne jern. I Mellom-Europa blomstra kunsten og kulturen til dei livskraftige og dyktige keltiske folkegruppene.Generelt sett er det få funn frå denne perioden Noreg. Ei av årsakene til dette er at gravskikkane og reglane for dødskult endra seg. Det vart ikkje lenger bygt store gravrøyser på framspringande punkt i terrenget slik som i bronsealderen. No vart den døde brent og restane frå likbålet vart for det meste gravlagt under flat mark. Den døde fekk ingen eller svært få gåver med seg og gravene vart samla i store grupper, helst på åsar og på sletter av sand.
På grunn av manglande spor og funn frå dei første 5-600 åra av eldre jernalder, har det tidlegare vore vanskeleg å teikne noko omriss av folkeliv og busetnad i Noreg og Nordfjord. Men i perioden 1990-1996 undersøkte arkeologane eit stort gravfelt med over 200 graver på Vereidesletta i Gloppen. Hovudtyngda av gravene på sletta var frå førromersk jernalder, men arkeologane fann også spor etter menneskeleg aktivitet frå steinalderen og bronsealderen. I tråd med den nye gravskikken i eldre jernalder var gravene på Vereidesletta tome. Dette står i sterk kontrast både til dei monumentale gravrøysene i bronsealderen og overfloda seinare i jernalderen.
I førromersk jernalder vart det slutt på tradisjonen frå steinalderen og bronsealderen med helleristningar. Det vart heller ikkje lenger ofra skattar av kvinnesmykke som til dømes er funne i Erdal i Stryn og i Skjerdal i Gloppen.
Kjelder:
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie bind 1. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo 1962.
Liv Helga Dommasnes, Tradisjon og handling i førkristen vestnorsk gravskikk. Undersøkelser på et gravfelt på Vereide, Sogn og Fjordane.