Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
ELDRE JERNALDER

Førromersk jernalder
Romersk jernalder
Folkevandringstida
Busetnaden i Nordfjord
Høvdingmakt
Religion
Heilage kvite steinar
Runeteikn
Gravskikkar
Gravhaugane
Samferdsle og kontakt
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Folkevandringstida
Frå slutten av 200-talet e.Kr. var det romerske imperiet prega av kriser og krig. Hunarane kom frå aust og pressa dei germanske folkegruppene i utkantane av det romerske imperiet. Dette førte til at germanarane ekspanderte over dei romerske grensepostane. Perioden frå omlag 400 til 600 var prega av kaotiske forhold, blod, brann og folkegrupper på vandring i Europa. I år 476 e.Kr. gjekk Vest-Romariket til grunne.

I Noreg og Nordfjord var nok den jamne mann og kvinne opptekne med å dyrke jorda og rydde nytt land i denne perioden. Første del av folkevandringstida var prega av ei stadig utviding av gamle gardsområder og eit aukande landnåm.

Menneska her var likevel ikkje heilt utan kontakt med hendingane sørpå. Gjennom funn og fortidsminne kan vi fornemme spor etter denne krigstida i Europa. Kanskje tok enkelte nordmenn og nordfjordingar også del i herjingane på kontinentet?

Midt på 500-talet e.Kr. tyder mykje på at krisa i Europa har innverknad på dei vestnorske høvdingsamfunna. Krig, utarming av jorda og omlegging av dei europeiske handelsvegane førte truleg til økonomisk nedgang, også i Noreg og Nordfjord. Arkeologen Bente Magnus meiner at høvdingsamfunna nærast går til grunne i denne perioden.

I 542 braut den justitianske byllepesten ut i Europa. Kan det tenkjast at denne pesten også nådde bygdene i Nordfjord?

Kjelder:
Anders Hagen og Charles Joys, Vårt folks historie bind 1. Forhistorisk tid og vikingtid, Oslo 1962. Bente Magnus, i Per Sandal, Soga om Gloppen og Breim, s. 185-187.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Eldre Jernalder: Funn i Bremanger
Eldre Jernalder: Funn i Gloppen
Eldre Jernalder: Funn i Stryn
Eldre Jernalder: Funn i Hornindal
Eldre Jernalder: Funn i Eid
Eldre Jernalder: Funn i Vågsøy
Eldre Jernalder: Funn i Selje