Busetnaden i Nordfjord
Den tidlege delen av eldre jernalder har lenge vore prega av mangel på funn. Arkeologane meiner likevel at det budde og levde folk både i Nordfjord og i Noreg, men at gravskikken har gjort det vanskeleg å finne spor etter dei. Den følgjande utgreiinga om busetnaden i Nordfjord i eldre jernalder er hovudsakleg bygt på gravfunn.Gravfunna tyder på at busetnaden i eldre jernalder hadde eit tyngdepunkt rundt Gloppefjorden, Breim og i Stryn, særskilt mellom Strynevatnet og fjorden. Hovudmønsteret er at dei eldste gardane låg der det var gode tilhøve for jordbruk. Dette var hovudsakleg nede i dalen, ved munningane eller på terrassane langs fjorden. Høve til fiske, fangst, jakt og utnytting av andre ressursar i utmarka var også viktig.
I Gloppen ligg dei eldste gardane på dei marine terrassane på begge sider av Gloppefjorden. Det eldste funnet kjem frå garden Sande som truleg er teken opp på 300-talet e.Kr. Vereide vart truleg teken opp på same tid. På 400-talet er truleg gardane Holvik, Austrheim og Eide teken opp. På same tid er gardar i Breimsdalen som Bø, Setre, Bjørnarheim, Skrøppa og Sårheim rydda. Busetnadsutviklinga i Gloppen er ikkje prega av ein brå og kraftig ekspansjon. Utviklinga ber preg av ei langsam og gradvis rydding.
Dei eldste funna i Stryn i denne perioden er frå yngre romartid. På Mindresunde er det funne to skjelettgraver frå denne perioden. Gardane Flo, Bø, Kirkeide og Stauri er truleg rydda på same tid eller tidlegare. I folkevandringstida er truleg Eikenes og Åheim teken opp. Funn på Fosnes tyder på at også den garden var busett i eldre jernalder.
I dei ytre delane av Nordfjord ser det ut som gardane Drage og Ervik vart rydda i eldre jernalder. Hovudnæringa for desse gardane var truleg fiske. Inne i Moldefjorden ligg garden Eide og Hove, og på Seljeøyna garden Bø. Også desse gardane var busette i denne perioden og hadde truleg vide kontaktar både fjern og nær. Truleg var jordbruket meir sentralt for desse gardane.
Kjelder:
Kari Charlotte Larsen, Sagastad. Arkeologisk-historisk presentasjonssenter. Forprosjekt, fagleg utgreiing om innhaldet i senteret.
Eldrid Straume, Studier i Nordfjords eldre jernalder, BMÅ.Hum, UiB, 1961.
Liv Helga Dommasnes, Tradisjon og handling i førkristen vestnorsk gravskikk. Undersøkelser på et gravfelt på Vereide i Gloppen, Sogn og Fjordane, 1997.