Samferdsle og handel
Funn i Noreg tyder på ei kraftig auke av handelen med bronsevarer nordover frå Sør-Skandinavia om lag 1400 år f.Kr. Dette må ha ført til ein konsentrasjon av makt hos dei menneska som hadde ressursar til å skaffe seg dette metallet. Kanskje voks det fram eit bronsearistokrati i denne perioden som hadde ressursar til å organisere handelsferder til Europa etter gjenstandar av bronse og flint? I byte hadde dei kanskje med seg norsk pelsverk eller andre ettertrakta varer? Sjølv om det er funne gjenstandar av bronse i Noreg som har kome over lange avstandar er det vanskeleg å vite om det eksisterte profesjonelle handelsfolk i bronsealderen. Ein viss kontakt mellom aristokratiet i Noreg og til dømes i Danmark har det høgst truleg vore.
Kjelder:
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994.