Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
BRONSEALDEREN

Jordbruket
Buplassar
Det nye metallet
Reidskap
Samferdsle og handel
Klede
Gravskikkar
Religion
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Reidskap
Reiskapane i bronsealderen bygde framleis på teknologien frå steinalderen, sjølv om teknologien ikkje var så velutvikla som tidlegare. Flint vart framleis mykje brukt og vart importert til Noreg frå Danmark. Grønstein vart derimot ikkje brukt så mykje lenger.

Etter som busetnadsmønsteret endra seg og folk i større grad begynte å dyrke jorda, fekk reiskapane ny utsjånad og form. Dei gamle øksene vart erstatta av enklare steinøkser med skafthol som hadde meir preg av arbeidsøkser enn av statussymbol.

I denne perioden vart ein ny hoggeteknikk, såkalla flateretusjering kjent. Denne teknikken er kjenneteikna av spor i gjenstandane etter ei rekkje parallelle skråhogg. Ved å tilvirke flinten på denne måten kunne flintsmeden lage tynne pilspissar, sager og elegante sigdar med taggar. I Skandinavia var reiskapane av flint i bronsealderen ofte etterlikningar av kopar- og bronsereiskap som var i bruk lenger sør i Europa. Flateretusjering var i bruk i Noreg i nær 2000 år.

I bronsealderen begynte menneska for første gong å bruke materialet kleberstein. Særskilt vart dette materialet brukt til kokekar og støypeformer. Klebersteinen heldt godt på varmen, men var for mjuk til at ein kunne lage våpen og reiskap av han. På buplassane frå bronsealderen er det også vanleg å finne restar av keramikk og potteskår. Frå Vestlandet og nordover var det vanleg med asbestkeramikk.

Bronse var relativt dyrt og eksklusivt i Noreg. Det var stort sett berre dei rikaste eller dei som hadde ettertrakta varer som hadde overskot nok til å skaffe seg reiskap av dette metallet. Det er funne enkelte gjenstandar av bronse også i Nordfjord.

Kjelder:
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, i Knut Mykland (red), Norges Historie bind 1, Oslo 1976. Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Bronsealder: Funn i Bremanger
Bronsealder: Funn i Gloppen
Bronsealder: Funn i Stryn
Bronsealder: Funn i Hornindal
Bronsealder: Funn i Eid
Bronsealder: Funn i Vågsøy
Bronsealder: Funn i Selje