Det nye metallet
Omlag 2000 år f.Kr. byrja folk i Europa å lage våpen, smykke og reiskap av ei blanding av kopar og tinn som vart kalla bronse. Desse gjenstandane vart på ulike måtar spreidde over heile Europa. Det eldste bronsesverdet som er funne i Noreg kom heilt frå Ungarn og opp til Sunnmøre! Bronsen vart snart den viktigaste økonomiske verdimålaren og tok over rolla som flinten hadde hatt. Likevel var det framleis stein og bein som var vanlegast å bruke til reiskap i Noreg. Innføringa av bronsen førte til etableringa av ei viktig yrkesgruppe - smedane. På grunn av yrket sitt hadde dei tidlege smedane truleg ei spesiell stilling i samfunnet.
Men bronse var eit dyrt og eksklusivt metall. I Noreg var det hovudsakleg eliten som hadde råd til å skaffe seg reiskap og våpen av dette metallet. Bronsen var likevel kjent og eit markert innslag blant jordbruk- og fangstfolket. Dei som hadde ettertrakta varer å byte til seg kunne skaffe seg bronse. Aktuelle bytevarer i Noreg var kanskje kleberstein, avlsdyr og pelsverk.
I det arkeologiske materialet er bronsealderen i Noreg representert med mellom anna bronseøkser, dolkar av flint, pilspissar og støypeformer. Dei fleste funna er gjort enkeltvis og det kan vere vanskeleg å vite om det er snakk om gravgods, offerfunn eller skattar.
Kjelder:
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, i Knut Mykland (red), Norges Historie bind 1, Oslo 1976.
Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Gloppen prestegjeld, UiB 1960.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Stryn prestegjeld, UiB 1961.