Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
BRONSEALDEREN

Jordbruket
Buplassar
Det nye metallet
Reidskap
Samferdsle og handel
Klede
Gravskikkar
Religion
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Klede
Det finst få funn i Noreg som fortel oss korleis menneska i bronsealderen gjekk kledde. Enkelte gravfunn frå Danmark er betre bevart og gir oss eit inntrykk av moten i bronsealderen.

I Egtvedt i Danmark er det funne ei kvinnegrav der den døde var kledd slik: Håret var samla i eit nett av tynn ull. Ho bar ei korterma trøye av ull med voven halslinning. Skjørtet var kort og var samansett av fleire lag med hengande snorer frå eit vove belte med store duskar. Kvar snor var pynta med eit lite bronserør. Beina var enten nakne eller surra med ullklutar.

Rundt halsen hadde den døde kvinna ein stor krage av bronse og eit bronsearmband på kvar av handledda. På magen var det festa ei stor, rund belteplate med vakkert dekor. Den døde kvinna var lagt på store ullteppe og hadde ei lita øskje ved sidan av seg. I øskja låg ein knapp, ei perle, to enkle spenner og ein dolk.

I Muldbjerg i Danmark er det funne ein mann som hadde ei liknande klesdrakt som Egtvedt-kvinna. Kanskje var kvinner og menn i Noreg og Nordfjord også kledd på ein liknande måte?

Kjelder:
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, i Knut Mykland (red), Norges Historie bind 1, Oslo 1976. Arnvid Lillehammer, Fra jeger til bonde, Aschehougs Norgeshistorie I, Oslo, 1994.

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Bronsealder: Funn i Bremanger
Bronsealder: Funn i Gloppen
Bronsealder: Funn i Stryn
Bronsealder: Funn i Hornindal
Bronsealder: Funn i Eid
Bronsealder: Funn i Vågsøy
Bronsealder: Funn i Selje