Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
BRONSEALDEREN

Jordbruket
Buplassar
Det nye metallet
Reidskap
Samferdsle og handel
Klede
Gravskikkar
Religion
Årstal
Hjelp Informasjon Tilbake Startsida Gå til Historie Gå til Vikingfunn




Jordbruket
I eldre bronsealder vart jordbruket den primære basisnæringa i Noreg. I denne perioden skjer det ei kolonisering av områder med godt jordbruksland. I Nordfjord gjelder dette først og fremst dei indre fjordområda

Innføringa av jordbruket i Noreg og Nordfjord førte til store samfunnsendringar. Folk vart meir bufaste og livet vart tryggare og meir stabilt. Dette førte truleg til at fleire born voks opp og levealderen auka. Dette førte igjen til høgare folketal og større familiar.

Det tidlege jordbruket var hovudsakleg ekstensivt og med hovudvekt på hald av ku, svin, sau og geit. Nytt land vart rydda for korndyrking og beite. Det var truleg snakk om ein eller annan form for svibruk med eit rotasjonssystem som kravde mykje jord.

I yngre bronsealder skjedde det truleg ei merkbar intensivering av jordbruket. I denne perioden vart samfunnsstrukturane utbygt og utveksling av prestisjevarer og metall vart viktig. Dette kravde truleg eit auka overskot. Kanskje vart både enkeltmennesket og familiane sin eigedomsrett styrkt i denne perioden? Husdyr, dyrka jord og avling vart viktige målarar på kor rike menneska var.

Trass i denne utviklinga var jakt og fiske framleis viktige næringsvegar også i bronsealderen. Gamle fangst- og fiskeplassar vart framleis nytta sesongvist av bøndene.

Kjelder:
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, i Knut Mykland (red), Norges Historie bind 1, Oslo 1976.
Søren Diinhoff, Træk af det Vestlandske jordbrugs historie fra sen stenalder til tidlig middelalder, Arkeo nr. 1, 1999
Søren Diinhoff, Vereide-prosjektet boplass. Arkeologiske undersøkelser på Vereide 1990-1996. Arkeologiske Rapporter 22. UiB1997

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Bronsealder: Funn i Bremanger
Bronsealder: Funn i Gloppen
Bronsealder: Funn i Stryn
Bronsealder: Funn i Hornindal
Bronsealder: Funn i Eid
Bronsealder: Funn i Vågsøy
Bronsealder: Funn i Selje