Bronsealderen er perioden frå om lag år 1800-500 f. Kr. Det er vanleg å dele perioden inn i eldre bronsealder(1800-1100 f. Kr.) og yngre bronsealder (1100-500 f. Kr.).
I bronsealderen heldt folk fram med å nytte flint og andre bergartar til reiskap. Det nye metallet, bronsen, var både kostbart og relativt sjeldsynt for folk flest. Bronsefunn både i Nordfjord og i Noreg tyder likevel på at enkelte hadde overskot til å skaffe seg reiskap av bronse. Truleg eksisterte det ei viss sosial lagdeling i denne perioden. Nokre menneske fekk store gravminne i form av rullesteinsrøyser. Desse røysene vart gjerne plasserte langs sjøleia.
I bronsealderen etablerar jordbruket seg som ein viktig næringsveg i store delar av Noreg. I Nordfjord har vi spor etter bronsealderjordbruk på Vereide i Gloppen og i Erdal i Stryn.
Under emna til venstre kan du lese meir om bronsealderen.
Vil du lese om bronsealderen i di eiga kommune kan du klikke på kartet eller på kommunevåpenet til høgre.
|