Gravskikkar
Tidleg i bronsealderen vart det vanleg å reise ein haug eller ei røys over grava til storfolk. På Vestlandet la menneska stein i store røyser på godt synlege punkt i terrenget, særskilt langs sjøleia eller langs vegar inne i landet. Slike røyser har fått namnet kystrøyser eller åsrøyser alt etter kvar dei ligg. I dag er slike røyser ofte skjulte av kratt og skog, men då dei var bygde må dei ha ruva godt i landskapet. I Nordfjord finst det mange bronsealderrøyser.Omlag midt i bronsealderen skjer det eit skifte i gravskikken i Noreg som gjer det vanskelegare å etterspore gravene. Folk tok til å brenne dei døde, reinse beina, legge beina i ei urne og gravlegge dei i jordgraver utan særleg gravgods. Det vart nesten slutt på å reise store gravhaugar og røyser til ære for den døde. Dersom dei bygde gravminner var dei mindre og enklare enn tidlegare. Ofte brukte menneska gravminne som allereie eksisterte i staden for å bygge nytt.
I Nordfjord er det mange bronsealderrøyser. På Vereidesletta i Gloppen er det avdekt eit stort gravfelt som er datert til tidsrommet bronsealder til førromersk jernalder.
Kjelder:
Bente Magnus og Bjørn Myhre, Forhistorien. Fra jegergrupper til høvdingsamfunn, i Knut Mykland (red), Norges Historie bind 1, Oslo 1976.