Buplassar
Kulturhistorisk heng den siste delen av steinalderen og den første delen av bronsealderen nært saman. Tida fram mot bronsealderen var prega av ei jamn styrking og utviding av jordbruksområda. Funn viser ein tendens til at menneska forlét dei gamle fangstplassane ved kysten og busette seg i område med betre høve for jordbruk. Menneska brukte likevel fangstplassar, holer og hellerar til periodevise opphald.Overgangen til jordbruk førte til at folk bygde større og meir solide hus. Frå slutten av yngre steinalder begynte menneska å bygge stavbygde/grindbygde hus. Dette vil seie at dei berande stolpane stod inne i husa og at dei ytste veggane var dekte av tre. Dette var den vanlegaste måten å bygge hus på Vestlandet.
På Hornnes i Førde i Sunnfjord er det avdekt strukturar etter hus frå bronsealderen og eldre jernalder. Desse strukturane er funne etter bruk av ein utgravningsteknikk som kallast buplassavdekking eller flateavdekking. Dette er ein god teknikk for å skaffe ny kunnskap om eldre busetting på stader der det i utgangspunktet kanskje ikkje er direkte synlege spor på overflata. Med denne teknikken kan arkeologane vege opp for den tidlegare fokuseringa på gravfunn som kjelde til kunnskap om menneskeleg aktivitet i eldre tid.
Kjelder:
Søren Diinhoff, Træk af det Vestlandske jordbrugs historie fra sen stenalder til tidlig middelalder, Arkeo nr. 1, 1999.Søren Diinhoff, Nyere bopladsudgravninger på Vestlandet. Bidrag til agerbrugets historie gennem 3000 år, Arkeo nr. 2, 1997 UiB.