Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
Ei reise i Nordfjords eldre historie

[ Moldøen/Måløyna ]
[ Refvik ]


Gamal tingstad på Moldøen

I 1035 gjekk kong Magnus den gode i land i Ulvesundet og kalla til tings. Ulvesundet var ei sentral og kjend ferdslelei langs kysten. Truleg vart tinget halde på denne vesle øya Moldøen, som ligg sentralt plassert i leia. Frå øya er det godt utsyn til alle kantar, og ein er trygg for overraskande åtak. Ein trur at stemneplassen var plassert ved søkket som ligg rett nedanfor her, vest på øya. Dette kan også vere ein gamal, lokal tingstad. Namnet Måløy kjem truleg av màlstefna som tyder målstova eller stemnestova.

Årsaka til tinget i 1035 var at Magnus ville bli hylla til ny konge av nordfjordingane. Dersom han fekk denne hyllinga, lovde Magnus å slå ein strek over tidlegare konflikter som nordfjordingane hadde hatt med far hans, Olav den heilage. Magnus lovde at bøndene no skulle få betre lover og meir fridom.

Truleg gløymde Magnus straks kva han hadde lovt bøndene i Ulvesundet. I sogene kan vi lese at kongen likevel for så hardt fram med folket at dei gjorde motstand. I denne situasjonen dikta Sigvat skald 'Bersogliversa', der han fortalde kva han meinte om framferda til kongen :

Vert ikkje vreid på vener
som vislege råd vil deg gjeve
og open tale brukar.
Di eiga ære det tener.
Folket, som sant det seier,
får no verre lover
og andre enn dei du eingong
i Ulvesund dei lova.

Etter denne påminninga ser det ut som kong Magnus kom på betre tankar. I 1040 eller 1041 inngjekk kong Magnus og folket eit endeleg forlik. Nye lover var innførte, og avtalen frå Ulvesundet vart stadfesta i Langøysundet på Nordmøre.

Professor Ebbe Hertzberg har samanlikna avtalen mellom Magnus og bøndene i Nordfjord i 1035 med det engelske fridomsbrevet Magna Charta, som vart inngått på den vesle øya Runnymede i Themsen i 1215. Kanskje kan vi kalle den vesle øya Moldøen i Ulvesundet for "Noregs Runnymede"?

Illustrasjon henta frå Snorre, soga om Olav den heilage.

Kjelder
Wilhelm Kvalheim, Årbok i Nordfjord, 1951. Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB 1960.

Spor etter vikingtida på Refvik

Refvik, sommaren 932. Tord spring nedover den kvite sandstranda alt han maktar. Dei andre mennene følgjer etter med økser, spyd og knivar. Ungane kjem også, høyrer han.

Nede i sjøkanten ligg den store kvalen og pesar. Han var uheldig og kom for langt inn på stranda i natt. No kjem han ingen veg. Tord når fram til det store dyret i det kvalen slår eit hardt slag med halen mot dei små bølgjene ?

På Refvik er det registrert i alt fem gravhaugar og ei gravrøys. To av gravhaugane ligg ved enden av Refvikvatnet (Sjå illustrasjon). Den største er om lag 10 meter i diameter, låg og ganske flat. Rundt haugen går ei grøft som no delvis er fylt igjen. Den andre gravhaugen ligg like ved og har opphavleg vore likeeins.

Dei tre andre gravhaugane på Refvik ligg på innmark og er i dag oppbrotne eller sterkt endra. Det er ikkje kjende funn frå desse haugane.

Tett ovanfor vegen midtvegs mellom grenda og moloen ligg ei røys som er sterkt endra. Røysa kan ha vore 12-15 meter i diameter og om lag ein meter høg. Røysa er bygd av stein, og den øvre halve meteren er dekt av sand. I denne røysa vart det funne ei ubrend mannsgrav frå vikingtida (800-1050). Mannen låg med hovudet i sør og hadde fått med seg eit sverd, ei øks, ein sigd, ein kniv og eit bryne.

Elles i bygda er det gjort spreidde funn av saker frå yngre jernalder (550-1050). Det er mellom anna funne to kjøtknivar av reinsdyrhorn og ei vevskei av kvalbein. Kjøtknivane kan ha blitt brukte til gudsdyrking eller til trolling. Det er også funne ei øks frå om lag år 800 og ein kopp av kleberstein i bygda.

Kjelder
Edvard Os, Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Nordfjord frå gamle dagar til no, Oslo 1957.
Per Fett, Førhistoriske minne i Fjordane, Selje prestegjeld og Vågsøy prestegjeld, UiB

Tilbake Heim Neste

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Funn i Bremanger
Funn i Gloppen
Funn i Stryn
Funn i Hornindal
Funn i Eid
Funn i Vågsøy
Funn i Selje