Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
Ei reise i Nordfjords eldre historie

[ Gravfunn ]
[ Kvinnegraver ]


Gravfunn og gamal steinkross

Loen, våren 950. Ei varm sol skin på den vårbleike sletta i Krossvikja nede ved fjorden. Tora går med sakte skritt frå gravhaugane oppe ved tunet og ned mot bønestaden ved steinkrossen. Ho set seg forsiktig ned, let att augene og ber til den nye guden. Ho ber om at barnet ho har i magen skal klare seg og kome til verda friskt og sterkt. Ho ber også om at sommaren skal bli varm og grøderik.

I vikingtida (800-1050) var samfunnet lagdelt, og det var hovudsakleg menneske med høg status som fekk synlege gravminne. Dei fleste fekk enkle graver utan haug eller røys over. Trælane var lågast på rangstigen etter bønder og høvdingar. Vikingtida var på mange måtar eit ættesamfunn og statusen var gjerne knytt til kva ætt ein tilhøyrde.

Loen er ei fruktbar bygd som ligg sentralt plassert ved fjorden. I vikingtida budde det truleg ei rekkje familiar av solid bondestand her. Tidlegare var det minst tjue gravhaugar i bygda, samt graver under flat mark. I ein av gravhaugane er det funne ei brend mannsgrav frå vikingtida. I denne grava fanst eit sverd, ei øks, fleire piler, eit skjold, ein holcelt (øks), ein navar, ein ljå, eit beksel og eit skrin. Bekselet fortel at mannen eigde ein eller fleire hestar.

I Loen er det også funne ei ubrend kvinnegrav frå yngre jernalder (550-1050) med to ovale spenner med lenke mellom, ei vevskei, ei steikepanne, ei saks og ein sigd. Både mannen og kvinna hadde fått med seg personleg utstyr og reiskap i grava. Gravhaugane og gåvene tyder på at både mannen og kvinna var av velståande bondeslekt.

På kyrkjegarden i Loen står ein keltisk steinkross med avrunda armholer og med eit hol i midten. Slike krossar kunne bli sett opp for å markere ein stad for gudsteneste før det vart bygt kyrkje. Truleg har krossen i Loen tidlegare stått i Krossvikja nede ved fjorden. Kanskje var dette ein tidleg bøneplass eller samlingsstad i misjonstida i Loen på 800- og 900-talet?

Kvinnegraver frå vikingtida

Guddal, hausten 860. Den tunge lukta av sjukdom heng i veggane i eldstova. Gunhild er trøytt og sliten etter natta. Ho miste både Astrid og Åshild, dei kjære systrene til mor. Gunhild vil gråte, men klarer det ikkje. Ho lengtar etter far og dei andre som hadde vore borte så altfor lenge. Vil ho nokon gong få sjå dei att? Ho gruar seg til ho må fortelje far at både mor og dei to systrene hennar er døde.

Gunhild hentar ei gryte og ausar i vatn. Det er tunge dagar for den unge husfrua på Guddal.

Oppstryn er eit område med svært rike gravfunn frå yngre jernalder (550-1050). Dei talrike gravene frå vikingtida (800-1050) er særskilt rike og interessante. Det arkeologiske materialet tyder på at Oppstryn var ein livleg og folksam stad i denne perioden. Mange av gravfunna i Oppstryn er kvinnegraver.

På garden Guddal er det avdekt ei rekkje gravhaugar. I ein av haugane er det funne ei lang, oval gravkiste bygd av fine små heller. I grava er det funne fire brosjer av bronse, to små, tynne gullringar, 13 vakre perler av glas, hjulet til ei handsnelle, tindar til ei linhekle, to steikepanner, to sakser, eldstål, delar av eit beksel og to nøklar.

Dette gravinnhaldet fortel oss at det mest sannsynleg er to kvinner som er gravlagde saman i haugen. Dei har begge fått med seg viktige reiskap og nøklane sine. Sidan den eine fekk med seg eit beksel kan dette tyde på at ho var glad i å ri. Gåvene viser at det truleg er snakk om to kvinner med tilnærma lik status som er gravlagd saman. Kanskje var dei mor og dotter?
Kanskje var dei systrer?

Kvinna var langt frå usynleg i det gammalnorske samfunnet. Kvinna sine hovudoppgåver var gjerne knytte til familien, garden, tunet og fjøset. Ho hadde arverett og kunne overta funksjonane og stillingane til mannen dersom han døde. Mange kvinner fekk rike gravferder. Dette kan tyde på at kvinnene sin status ikkje var særskilt lågare enn mannen sin. Statusen var gjerne knytt til den ætta dei tilhøyrde.

Både på Mindresunde, Storesunde, Flo, Nesi, Fosnes, Erdal, Hjelle og Folven er det avdekt mange og opplysande gravfunn frå vikingtida. I ein gravhaug på Folven er det funne ei ubrend kvinnegrav frå vikingtida. Kvinna var gravlagd i eit rom av reiste heller med helletak. Ho hadde med seg ovale spenner, eit irsk bronsebeslag, ei øks, ei saks, eit skrin med nøkkel, glasperler, eit snellehjul og eit skiferbryne. På Flo er det mellom anna funne ei brend kvinne- og mannsgrav i båt frå yngre jernalder. I kvinnegrava låg ein ullkam og ei oval spenne. Det vart også funne ein kniv, eit beksel, ein nøkkel, klinknaglar og glasperler.

Dei innhaldsrike gravene som er funne i Oppstryn tyder på at mange av innbyggjarane var rike og velståande. Funn av utanlandske sverd og smykke tyder på kontakt med andre delar av verda. Truleg deltok også mennene i Oppstryn på handelsferder og vikingtokter sørover, vestover og austover i Europa. Kanskje var dei mykje borte? På denne måten var det kvinnene som vart hovudpersonane på gardane.

Tilbake Heim Neste

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Funn i Bremanger
Funn i Gloppen
Funn i Stryn
Funn i Hornindal
Funn i Eid
Funn i Vågsøy
Funn i Selje