Mellomalderen Yngre Jernalder Steinalderen Eldre Jernalder Bronsealderen Søk
Ei reise i Nordfjords eldre historie

[ Dragseidet ]
[ Barmen ]


Gamalt båtdrag over Dragseidet

Drage, hausten 970. Vinden riv og røskar i båten som nærmar seg fjæra på Drage. Bølgjene er høge og toppa med kvitt skum. Tord og følgjet hans har sete verfaste lenger sør i fleire døgn utan å kome seg rundt Stad. No kan dei ikkje vente lenger. Dei gjer seg klare, hoppar ut i den frodande sjøen og dreg båten på land. Slitet med å drage han over land byrjar

Namnet Dragseidet vitnar om eit fenomen som også er kjent frå andre stader langs kysten av Noreg. Når det var dårleg vêr og vanskeleg å sigle på Stadhavet, hende det at dei farande drog båtane over land. Denne metoden vart kanskje også nytta i ufredstider, når det var viktig å kome fort fram. I vikingtida var Stad og Dragseidet svært viktige punkt for skipstrafikken langs kysten.

Vi veit ikkje nøyaktig kvar dei drog båtane over. Det er likevel sannsynleg at transporten vart gjort der terrenget var lettast. Vegen som går over eidet i dag er ein postveg frå 1800-talet. Den er omlag fem kilometer lang og går opptil 240 m over havet.

Det høgste punktet på Dragseidet er Kongshaugen, og etter soga var det her Olav Tryggvason kristna fire fylke i 997 e.Kr. I 1919 vart det sett opp ein bautastein på haugen til minne om kristninga. Litt lenger mot nord står Olavskrossen som vart reist i 1913. Dette punktet skal markere staden der folk vart døypte.

Runestein frå jernalderen
Barmen, sommaren 510. Tormod prøver å gjere seg så liten han kan. Han sit bak ein stein nede ved stranda og lyttar. Mor har forbode han å gå ut hit, men han lurte seg ut då mor var opptatt med veslesøster.

No høyrer Tormod hamringa og den låge mullinga til den framande mannen klart og tydeleg. Han reiser seg forsiktig opp for å sjå betre. Litt lenger borte ser han den framande og dei magiske teikna som kjem til syne på steinen.

Like ved sjøen på austsida av øya Barmen står ein runestein. Steinen er 1,55 m høg, 50-70 cm brei og 15 cm tjukk. Han står i eit område med mange gravrøyser og bautasteinar. Området var truleg gravplass for dei utvalde i samfunnet og vart nytta over lang tid i jernalderen.

Det er usikkert kor gamal runesteinen på Barmen er, men truleg er han frå eldre jernalder. Innskrifta på bautasteinen lyder ek thirbirjar. Dette er tolka som den som gjer kraftlaus. Kanskje var dette namnet til den runekunnige eller kanskje tilnamnet til ein sjaman eller trollmann?

Sjamanen var ein person med spesiell status og makt innanfor samfunnet. Det var kanskje sjamanen som stod for utøvinga av kulten i samband med ritual, ofring og læking av sjukdom? Ei av oppgåvene til sjamanen var å fjerne eller å gjere dei vonde kreftene kraftlause. Sjamanen føretok også reiser over i ei anna verd gjennom transe.

Runeskrift vart gjerne nytta i samband med religiøse handlingar. Nokre runeinnskrifter var truleg av magisk karakter. Andre vart reiste til minne om døde personar. I enkelte tilfelle kan steinane vere tenkt som arverettslege dokument.

Tilbake Heim Neste

Søk
Gå direkte til kommune :

VÅGSØY - SELJE - BREMANGER - EID - HORNINDAL - GLOPPEN - STRYN


Funn i Bremanger
Funn i Gloppen
Funn i Stryn
Funn i Hornindal
Funn i Eid
Funn i Vågsøy
Funn i Selje