Spor etter vikingtida i HornindalHornindal, våren 892. Ingebjørg festar den vakre ringnåla på kappa til far sin. Ho stryk det blanke, grå håret hans og klemmer han for siste gong. Den siste vinteren var hardare enn far hadde tolt. Han hadde skjult sjukdomen sin lenge. Ingebjørg hentar sverdet, spydet og kniven som far skal få med seg i grava. Ho græt sårt når ho breier det vovne pleddet over han og ser dei første, varme solstrålane skine inn på jordgolvet 
I vikingtida fekk både menn og kvinner med seg reiskap og personleg utstyr som gravgåver. Menn fekk ofte med seg jordbruksreiskap og våpen, medan kvinnene fekk med seg hushaldningssaker og smykke. Dei mest velståande menneska fekk markerte gravminne i form av gravrøyser og gravhaugar. Dei vanlege menn og kvinner fekk gjerne enkle graver under flat mark. På Raudemel (Tomasgard) i Hornindal låg det tidlegare fleire gravhaugar, men berre eitt gravfunn er kjent. I ein av haugane er det funne ei ubrend mannsgrav. Som gåver hadde mannen fått med seg eit sverd, eit spyd, to piler, ein kniv, ein skav, eit bryne, ei ringnål og ei glasperle. På same garden er det også funne ei øks. Denne øksa kjem truleg frå ei grav utan haug eller røys. På Grodås låg det tidlegare to steinkransar. Under den eine kransen var det eit søkk i bakken som var dekt med stein, kol og oske. Det vart ikkje gjort funn i denne grava. Under den andre steinkransen var det eit søkk som var dekt av to steinheller. På botnen under hellene låg ei ubrend kvinnegrav frå vikingtid. Kvinna hadde fått med seg to ovale spenner, eit nålehus, ein kniv, eit skrin med nøkkel, samt grovt og fint tøy. Funnet er datert til 800-talet. Det mest kjende gravfunnet i Hornindal er frå Ytrehorn. Her låg ein svær haug som romma to, kanskje tre graver. I haugen vart det funne ei rik kvinnegrav frå folkevandringstida, omlag 400 år e.Kr. Sjølv om det ikkje er funne graver frå vikingtida på Ytrehorn, var staden truleg busett også i denne perioden. På Ytrehornsnakken kan ein framleis sjå spor etter ei vetestove frå denne perioden. Ei av dei to ovale spennene funne i ei kvinnegrav på Grodås.


|