 |
Utanlandske gravgåver
Breim, sommaren 845. Ylva er stum av glede då ho tek i mot den vakre, skinande bronsespenna som Tord gir henne. Ho tek på seg den raude kappa si og festar spenna i halslinningen. "Kom," seier ho, "fortel meg alt du har sett og opplevd". Tord og Ylva går ut av huset og set seg ned ved husveggen. Så byrjar han å forteljeGloppen er eit område som er svært rikt på gravfunn frå vikingtid (800-1050). Mange av gravfunna inneheld smykke, våpen og prydgjenstandar frå ulike land i Europa. Sjølv om nokre av desse funna sikkert kom til Nordfjord som gåver og handelsvarer, er nok ein heil del reint røvargods. Truleg deltok både glopparar og andre nordfjordingar i vikingferdene. 
På garden Sanddal i Breim vart ei velståande kvinne gravlagd ein gong på 800-talet. Ho hadde på seg ein selestakk halden saman av to ovale spenner. Mellom spennene har det hengt eit kjede av mørkeblå glasperler, sølv- og gullfolierte perler og to mandelforma ametystar. Desse ametystane er svært sjeldne, og er truleg slipte i Midt-Austen. Då kvinna vart gravlagd, hadde ho også på seg ei kappe halden saman av ei emaljert bronsespenne. Opphavleg var dette truleg eit beslag på eit irsk relikvieskrin. Det kan tenkjast at spenna var eit bytte frå ei plyndringsferd i eit kloster eller ei kyrkje på dei britiske øyane. I grava er det også funne restar av eit grønt, traktforma, frankisk glas. Desse glasa var svært populære i Noreg og vart omsette på dei ulike marknadsplassane i landet. 

| 
 |